Lagt ut 31.mai.2021

KRAFTMUSEET

Mykje nytt og spanande på museet i sommar! Det blir lokale mattilbod, sider, øl og handverkskaffi i den nye kaféen som kjem snart under glastaket ved kraftstasjonen. Resepsjon og butikk finn du inne i kraftstasjonen i sør. Sjølve kraftstasjonen er opprusta med diverse installasjonar og aktivitetar for born (og vaksne).



KraftLaben har gått gjennom ei opprusting og fått mykje nytt og flott. 



I Lindehuset kan du få ei ny og spektakulær oppleving i den immersive fotoutstillinga, og i fjellsida på Lilletopp får du unik utsikt, "selfiespots" i tillegg til omvising inne i fjellhall og tunellar.



Museet har i år eit nytt tilbod i Odda sentrum: Byvandring med postmannen! Denne kan du få vera med på heile juli månad.



Legg ferien til Hardanger, Odda og Tyssedal - her er litt av kvart for alle å oppleva! Sjå opningstider i lenka til høgre. Velkomen!
Få prisvurdering
Meldingen er sendt. Vi tar snart kontakt med deg.