Lagt ut 21.sep.2020

KRAFTMUSEET

Natt på museet - hjernekraft

25.sep.2020 – 25.okt.2020
Hjernekraft!
Kraftmuseet inviterer til Natt på museet med hjernen som tema.
Har du lurt på korleis det ser ut inni ein hjerne? På Kraftmuseet har du høve til å sjå dissekering av ein ekte hjerne!

Arrangementet “Natt på museet” er ein del av Forskingsdagane, som er ein årleg, nasjonal festival i regi av Norges Forskingsråd. I fjor var miljø tema for festivalen, i år er det hjernen som skal vera i fokus. Dei siste åra har me fått mykje ny kunnskap om hjernen, men det er framleis det organet i kroppen me veit minst om.

Siste fredag i september opnar me dørene i den stemningsfulle kraftstasjonen frå 18-21, og ynskjer velkomen til «Natt på museet: Hjernekraft». Det blir eit arrangement som passar for heile familien. Det vert høve til å utfordra hjernen sin på ulike måtar, gjennom rebusar, ulike installasjonar og aktivitetar, med premiar til alle born og konkurranse med premie for dei litt større. Saftstasjon med servering av hjernesaft blir det også, og kanskje dukkar Fossegrimen opp? I tillegg får ein studera ein ekte hjerne og læra litt om korleis han fungerer.

Industrihistoria vi formidlar handlar om hardt fysisk arbeid, men òg om briljant ingeniørkunst, tekniske ferdigheiter, kreativitet og visjon. Filmen Industripionérane, som tek for seg denne historia, går i loop heile kvelden. Det vert og høve til å få ei omvising i stasjonen. Det vert eit spanande musikalsk innslag, og kanskje kjem sjølvaste Fossegrimen!



Arrangementet er gratis.
Få prisvurdering
Meldingen er sendt. Vi tar snart kontakt med deg.