Lagt ut 20.aug.2020

KRAFTMUSEET

Historisk kraftvandring i Ålvikfjellet.

30.aug.2020 – 30.aug.2020
Søndag 30. august inviterer Hardanger Historielag og Kraftmuseet i Tyssedal til ein unik tur i Ålvikfjellet. Tema er kraftutbygging i høgfjellet. Her finn vi historie gjennom meir enn hundre år med kraftutbygging rundt Bjølsegrø-magasinet (863 m.o.h). Vatn herifrå har gitt kraft til industriproduksjonen i Ålvik i meir enn hundre år. Turen startar med frammøte ved butikken i Ålvik kl. 10.00 (tilpassa ferje frå Utne 9.30). Vi organiserer felles biltransport langs bomvegen frå Vikedal til Hedlerdalen, ca. 600 m.o.h. Derifrå blir det fottur til Bjølsegrø-dammen, Synken og til Toppen av den tidlegare trallebanen og røyrgata der vi får ein fantastisk utsikt før retur langs anleggsvegen til Hedlerdalen. Avslutting i Ålvik sentrum seinast kl. 17.30
Det er bindande påmelding inna 27. august kl 19 på SMS til 901 399 84. Pris kr 100, betalast etter bekrefta påmelding.

Ta med niste og ekstra klede og få med deg ein viktig del av Hardanger si anleggs- og krafthistorie, kombinert med ein flott fjelltur.
Foto: Dag Endre Opedal, Kraftmuseet
Få prisvurdering
Meldingen er sendt. Vi tar snart kontakt med deg.