Lagt ut 27.apr.2021

KRAFTMUSEET

Kraftmuseet søkjer forfattar til spennande bokprosjekt!
Det er jubileumsboka for zinkverket Boliden Odda AS (tidlegare Norzink AS) 1924-2024 som skal skrivast.

Boliden Odda har drive stort med zinkproduksjon heilt sidan oppstarten i 1924. Med i overkant av 300 tilsette, er Boliden hjørnesteinsbedrift i Odda og av dei større industriverksemdene på Vestlandet. Meir informasjon her: https://www.boliden.com/operations/smelters/boliden-odda

Den som skal fortelja den fargerike og omfattande historia til fabrikken bør ha høgare utdanning i historie eller liknande - og ein god penn. Det er ein fordel om forfatteren har kunnskap om industrihistorie. Bokprosjektet er rekna til 1, 5 årsverk. Manus til boka skal vera ferdig til august 2023.

Arbeidet kan eventuelt delast på fleire forfattarar. Forfattar kan sjølv velja om boka skal skrivast på bokmål eller nynorsk.

Jubileumsboka vert organisert som eit prosjekt, der Kraftmuseet har redaktøransvaret. Ei styringsgruppe med personar frå Boliden Odda AS og Kraftmuseet vil følgja prosjektet. Kontorarbeidsplass blir stilt til disposisjon i Industriarkivet i Odda, ei avdeling av Kraftmuseet.

Kraftmuseet har hand om det historiske arkivet til Boliden Odda, og gjer dette tilgjengeleg.

Løn/honorar etter avtale.
Foto: Tor Brekke. Kraftmuseet arkiv
Få prisvurdering
Meldingen er sendt. Vi tar snart kontakt med deg.