Lagt ut 12.feb.2021

KRAFTMUSEET

Virus og vaksine
Korleis verkar dei nye korona-vaksinane? Og kva skjer eigentleg inni ei celle når eit koronavirus lurer seg inn? Bli med å sjå inn i labsjefen sitt supermikroskop, så får du svar!
Skepsis til vaksinar kjem ofte av mangel på kunnskap. Ord som "genteknologi" kan verka skremmande på mange, og kan få det til å høyrast ut som at det er genene våre som skal bli forandra. Det er det ikkje! Denne videoen forklarar korleis mRNA-vaksinar verkar, utan at du treng å kunna noko særleg om cellebiologi frå før. De kan jo også dramatisera det sjølve, i klassen eller heime - har du ein større kohort enn meg så kan du kanskje dramatisera immunresponsen til kroppen og.
Få prisvurdering
Meldingen er sendt. Vi tar snart kontakt med deg.