Lagt ut 04.des.2020

KRAFTMUSEET

2020 var året då verda vart snudd på hovudet. Også den tradisjonelle juleverkstaden måtte avlysast, for aller første gong. Då idéen kom frå Kraftmuseet om å prøve å lage til ein digital versjon, stilte dei kjekke damene og snekkarane opp med ein gong.

Kraftmuseet filma damene i venelaget medan dei viser korleis den flotte julepynten vert laga. Snekkerverkstaden viser korleis du kan lage skjerebrett, materiale finn du sjølv.

Materiale til julepynten vart laga klart i femti pakkar, og dei første som melder seg på facebook er heldige og får henta dei gratis i Kraftmuseet sin pop-up butikk i vitenparken laurdag 5. desember kl. 12. Filmane med instruksjoner finn du i lenka under.
Lykke til!
Få prisvurdering
Meldingen er sendt. Vi tar snart kontakt med deg.