Lagt ut 07.sep.2020

KRAFTMUSEET

Ny tidslinjeutstilling om norsk vasskraft!
Kraftmuseet er stolte over å kunna presentera den nye tidslinjeutstillinga «Norsk vasskraft». Utstillinga spenner opp lange linjer gjennom vel 100 år med norsk vasskraft, frå panikklover og pionertid til kraftsosialisme og Monstermaster i Hardanger. Gjennom ord og bilete får publikum forteljinga om eit vasskrafteventyr formidla på ein effektiv og interessevekkjande måte.

Utstillinga er grafisk utforma av designbyrået Garp og du finn den i nordenden av stasjonen.
Få prisvurdering
Meldingen er sendt. Vi tar snart kontakt med deg.